ELHUB - Kraftmarknadens nye datahub - Les om kva endringane i bransjen betyr for deg

Elhub – Kraftmarknadens nye datahub

Elhub går i drift 18. februar 2019. Elhub har som mål å sørge for effektiv utveksling av måleverdiar og kundeinformasjon, og gjere kvardagen din som straumkunde enklare. Her finn du ei oversikt over kva innføring av Elhub vil bety for deg som straumkunde.

Flytting: Etter innføring av Elhub er det kun kraftleverandøren din du skal kontakte ved flytting – ikkje netteigar. Den største endringa ligg i at flytting skal meldast til kraftleverandør minimum 2 dagar før flyttedato.

Din kontaktinformasjon: Det er kraftleverandøren som skal halde kundeinformasjonen din oppdatert, og sørge for at oppdateringar blir meldt vidare inn til Elhub. Korrekt informasjon går då vidare via Elhub til bl.a. nettselskapa. På den måten får du som straumkunde kun ein aktør å forhalde deg til.

Spørsmål om faktura og forbruk: Kraftleverandøren din blir kontaktpunkt når det gjeld spørsmål om kraft – og nettleigeavtale, faktura og forbruk. Netteigar kontaktast kun ved spørsmål direkte knytt til ditt straumanlegg. (Nytilknyting, endring av anlegg, ved straumbrot etc.)

Elhub web plugin

For deg som straumkunde har det blitt laga ei løysing der du sjølv kan logge inn på Elhub og sjå dine måleverdiar og anna informasjon. Logg deg inn via BankID og sjå deg om i den nye Elhub web plugin her. Les meir om løysinga her, og om Elhub generelt her.

Svanhild Dale Eikeland