Elsertifikat

Kva er elsertifikat?

Elsertifikat er ein økonomisk støtteordning som gjer det meir lønsamt for straumprodusentar å investere i produksjon frå fornybare energikjelder, som vatn, vind, sol og bioenergi. Ordninga vart sett i kraft 1. januar 2012. Elsertifikatmarknaden er felles for Norge og Sverige.

Kvifor vert elsertifikater innført?

Myndigheitene ønskjer at det skal produserast meir fornybar energi i Norge. Det er svært kostbart å byggje produksjonsanlegg for fornybar energi, som f.eks. vindmølleparkar eller vasskraftverk. Myndigheitene har derfor bestemt at alle straumkundane skal vera med å finansiere utbygginga over straumrekninga. Finansieringa skjer gjennom ei ordning kalla elsertifikater.

Korleis fungerar ordninga?

Elsertifikater skal stimulera produsentane til å produsera meir energi, ved å gjera det meir lønsamt. Myndigheitene fastset kor mykje ny produksjonskapasitet som skal byggjast ut kvart år, f.eks. 1,3 TWh. Myndigheitene tildeler produsentar elsertifikater for den mengda ny fornybar elektrisitet dei produserer. Fusa Kraftlag Kraft og alle andre straumleverandørar er lovpålagt å kjøpa elsertifikater frå produsentane. Straumprodusentane får då ei inntekt frå både den vanlege straumprisen, pluss den ekstra kostnaden straumkundane må betale. Straumkundane må altså finansiere utbygginga ved å betale meir over straumrekninga.

Kva betyr dette for deg?

Frå 1. januar 2016 er prisen på elsertifikater 3,25 øre pr. kilowattime inkludert mva. (2,6 øre/kWh eks. mva) Ein gjennosnitthusstand (20.000 kilowatttimar i året), vil totalt i 2016 måtte betale ca. 650 kroner meir på straumrekninga som følgje av elsertifikatordninga. Prisen kan auke dei følgjande åra, avhengig av kor mykje fornybar straum som vert produsert. Dersom det vert produsert mykje ny fornybar straum, vil prisen på elsertifikater bli lav. Dersom det vert bygd for lite, vil etterspørselen etter elsertifikater bli større enn tilbodet. Dette vi auke prisen på elsertifikater og gjere det enda meir lønsamt å investere i produksjon av ny fornybar energi.

Elsertifikatordninga vert forvalta av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). For meir informasjon, sjå NVEs nettsider eller ring 09575.

Gasta Design